Fitjar Treningssenter

21. mars 2012
by Kari
Innspel er slegne av

PILATES

Minner om at det ikkje blir Pilates i veke 13, 28. mars. Neste Pilatestime vert då etter påske, 11. april

27. februar 2012
by Kari
Innspel er slegne av

VEKE 9

Endringer denne veka :
Pilates onsd kl 19.00 og spinning fred. kl 14.30 går ut.
Elles vanleg drift!

29. januar 2012
by Kari
Innspel er slegne av

Pilates veke 5

Komande veke blir Pilates- timen tirsdag 31.jan kl 19.00. Altså ISTADEN for onsdag! Neste veke er den tilbake til onsdagen:-)

22. januar 2012
by Kari
Innspel er slegne av

NYE TIMAR!

Det blir oppstart på Pilates førstkomande onsdag, 25 jan. kl 19.00. Timen vil bli leia av fyisoterapeut og er eit tilbod til dei som ynskjer rolig, trygg og individuell veileda trening. Eg ynskjer å ha ei fast gruppe som fortrinnsvis følger alle timane. Det kan hende at timen nokre veker blir lagt til andre tider/dag for å få det til. Endringar vil bli lagt ut her på nettsida.

Frå neste søndag vil det bli zumba KVAR søndag kl 19.00! Det er god plass til fleire danseglade,  dette er ei flott trening for alle som likar å bevege seg etter fengande rytmar!

9. januar 2012
by Kari
Innspel er slegne av

GODT NYTT TRENINGSÅR

Me er alt godt i gong med nytt semester på treningssenteret. Timane er som før no i starten. Einaste unntaket er at zumbatimen onsdager kl 17.30 spesielt for nybyrjarar går ut. Me ser at det kanskje er nok med 3 timar i veka, det er kjekkast når det er mange på dei treningane! Me vil sjå på om det er aktulelt å setja opp ein time den veka det ikkje er søndagszumba, evt ein lørdag, eller tidlegare på søndagen. Gi gjerne ei tilbakemelding på det!
Elles så vil det bli eit Pilateskurs dette semesteret, fleire har nok venta eindel på dei timane! Eg har ikkje heilt setla dag og tid, så følg med for oppslag på det.

11. desember 2011
by Kari
Innspel er slegne av

TRENING FRAM MOT JUL

ZUMBA onsdag 14 des. OBS! Kun ein time kl 18.30 den dagen

Komande veke går som normalt, med siste zumbatime før jul søndag den 18. des.
Mandag 19 des : Styrketimen kl 18.00 og spiningtimen kl 19.00 som går som oppsett.

Onsdag 21 des : Spin&Styrke kl 09.00. Det blir siste time med instruktør før jul!

I romjula blir det ein zumbatime og spinningtime. Tidspunkt er ikkje heilt setla enno, men mest truleg blir det tirsdagen og onsdagen.

I jula elles er det muligheter for å trene på eiga hand, og ein må gjerne ta med seg julegjester på trening!

Fortsatt god adventstid til alle!

15. november 2011
by Kari
Innspel er slegne av

ZUMBA-maraton i Kultursalen

Søndag 20 nov blir det tre timar med Zumba for alle interesserte over 13 år. Også menn er velkomne!

Me vil gjerne visa alle for ei kjekk og god trening zumba er, med fengande musikk som gjer at ein berre MÅ bevega seg.

MELD DEG PÅ TIL: Trude;  trude.strand@haugnett.no 97596361

                    eller Gro; grohatlevik@hotmail.com 92287576

11. oktober 2011
by Kari
Innspel er slegne av

Fredag 14. oktober blir det ikkje spinningtime kl 14.30, kun kl 18.00!